SFO i Tokke er eit frivillig omsorgstilbod for barn frå 1. - 4. klasse. Ved særskilde høve gjeld tilbodet for barn t.o.m. 7. klasse. Det er eit SFO-tilbod på alle skulane/oppvekstsentra. Dei som har deltidsplass i SFO, har også høve til å kjøpe ekstra dagar.
Stortinget har innført ei ordning med redusert foreldrebetaling for SFO plass for 1. - 4. trinn basert på foreldra si inntekt, tilsvarande ordninga for barneahage.
Søknad om reduksjon i foreldrebetaling
Første og andreklassingar i Norge får 12 timar gratistid i SFO. Dette legg vi inn som trekk i fakturagrunnlaget. Foreldre treng ikkje søke på denne ordninga.
Vedtak om 12 timar gratis SFO for elevar i 1. klasse
SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna, og gje omsorg og tilsyn. I 2021 blei det innført ein rammeplan for SFO som skal bidra til eit meir likeverdig tilbod over heile landet. Vi ynskjer at den nye rammeplanen skal vere synleg i dei lokale årsplanane våre.