PP-tenesta skal samarbeide nært med elevar, foreldre, barnehagar, skular, opplæringsverksemder og andre kommunale hjelpetenester for å sikre at barn, unge og vaksne med rett til grunnskuleopplæring får eit godt opplæringstilbod.

Tenesta har ansvar for å hjelpe barnehagar og skular med å legge til rette for eit godt og trygt barnehage- og skulemiljø og eit særleg ansvar for å hjelpe dei som har behov for ekstra tilrettelegging.

Kva tilbod har vi?

  • Støtte og rettleiing til foreldre om barns trivsel og utvikling 
  • Rettleiing/tilråding til barnehagar og skular om tilrettelegging for trivsel, læring og utvikling
  • Sakkyndig vurdering av rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp for barn, unge og vaksne med særlege behov
  • Førebyggje, avdekkje og avhjelpe følelsesmessige vanskar og lærevanskar
  • Hjelper barnehagar og skular i arbeid med mobbesaker
  • Direkte arbeid med barnet
  • Samarbeid med andre lokale instansar
  • Bidra til at barn får hjelp frå andre tenester ved behov (BUP, Statped og andre hjelpetenester)

 

Arbeidsmåtar

Vi innhentar opplysningar om barnet ved å:

  • gjennomføre samtale med barnet sjølv
  • gjennomføre samtale med foreldre
  • gjennomføre samtale med barnehage/skule
  • observere barnet i ulike situasjonar
  • observasjonar av læringsmiljø
  • teste barnet med ulike testar, alt etter type vanskar

 

Kven kan få tilbodet?

Barn, unge og vaksne med særlege behov.

 

Kva gjer du for å få tilbod?

Tilbod om hjelp kan du få ved å venda deg direkte til PP-kontoret eller via barnehagen eller skulen din.

Tilmelding skjer vanlegvis i samarbeid med barnehage/skule, men foresatte har anledning til å melde direkte til PPT sjølv.
Anten du ønsker å melde til PPT direkte, eller du har avtala tilmelding med barnehage/ skule skal du bruke dette skjemaet: 

Du kan og gå via helsesøster eller lege.