Frisklivssentralen hjelper og støttar personar som ynskjer å endre levevanar knytt til fysisk aktivitet, kosthald eller snus- og røykeslutt gjennom individuelle samtalar og gruppebaserte tilbod. Tilbodet er for deg over 18 år med fysiske og/eller psykiske helseutfordringar. Du treng ikkje ha ein diagnose eller vere sjuk for å delta. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt. 

Målgruppe

Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på:

  • personar som har eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdommar
  • personar med overvekt
  • personar som røyker eller snusar
  • personar med problem knytt til psykiske helse


Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deg til Frisklivssentralen. Når Frisklivssentralen har mottatt tilvisningen tar vi kontakt med deg for å avtale ei tid for helsesamtale. Du kan også kontakte oss på eiget initiativ. De som ønsker hjelp til å endre levevaner kan ta kontakt, uansett om en ynskjer å delta i ei behandlingsgruppe eller bare trenger litt informasjon og inspirasjon til å komme i gong.

Kva er ein frisklivsresept?

  • Frisklivsresept – 12 vekers opplegg
  • Individuell rettleiing og oppfølging innan aktivitet og kosthald i 12 veker
  • Kosthaldskurs – Bra Mat for betre helse (fem kurskveldar)
  • Individuell rettleiing og oppfølging for snus- og røykeslutt

Ein frisklivsresept er eit tilbod til dei som har nytte av ein tettare oppfølging i form av gruppebaserte tilbod og individuelle samtaler. Tilboda inneheld helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus- og røykeslutt. Det er to treningar i veka med varierte aktivitetar både innan- og utandørs.

Treningstimar haust 2019

Tilbod om trim og aktivitet for alle!

Bassengtrening

Oppstart: 21.oktober

Kor: Symjehallen, Tokke kulturhus

Når: Måndagar kl. 15.00-16.00 (nybyrjarar/blanda) og
                            kl. 16.00-17.00 (hardare trening for vidarekomne).

Målgruppe: Alle som ynskjer trening i varmtvassbasseng. Særs egna for dei med ledd- og muskelplagar eller overvekt.

Inngang: 40 kr vaksne, 25 kr honnør

60+ styrketrening*

Oppstart: 25.september

Kor: Tokkegym i Tokkehallen

Når: Onsdagar kl. 10.00-11.00.

Målgruppe: Treningsgruppe for 60+ for personar over 60 år i Tokke. Det blir ei sosial og variert trening, der du sjølv får moglegheit til å styre eiga trening. Fysioterapeut vil vere med for rettleiing og tips til øvingar. Det krev ingen erfaring for å delta.
* Tilbod for personar som har medlemskap i Tokkegym.

Sirkeltrening

Oppstart: 3.oktober

Kor: Elvarheim

Når: Torsdagar kl. 11.00-12.00 (lett/blanda) og
                            kl. 16.00-17.00 (hardare trening for vidarekomne).

Målgruppe: Alle som ynskjer funksjonell styrketrening for heile kroppen. Nivået på treninga vert tilpassa kvar enkelt deltakar.

Gratis!