Vilkår
Psykisk helse er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt for å be om ei teneste, eller du kan bli henvist frå fastlege, helsesyster, NAV eller anna instans. Den som vert henvist må samtykke i henvisninga.
Psykisk helse og rus avdelinga er eit helsetilbod til deg som bur eller oppheld deg over tid i Tokke kommune.
Det er behovet ditt som avgjer om du vil få tenesta.
Tilbodet gjeld born, unge, vaksne og familiar. Det er og eit tilbod for pårørande og til psykisk liding og rus.
Tenesta omfattar
Individuelle samtaler, oppfølging i heimen eller på kontoret til psykisk helse
Miljøarbeid, i grupper og individuelt
Burettleiing
Hjelp til meistre og koordinere kvardagen
Kooridinering av tenester, lokalt og opp mot 2. linje helsetenesta, deltaking i ansvarsgrupper og samarbeidsmøter
Bistand til å utarbeide individuell plan
Rettleiing, undervisning og informasjon
Bistand til å bearbeide og meistre kriser
Kontakt med pårørande
Oppfølging av menneske som strevar med rus, eller som lever med menneske som har eit rusproblem. For meir informasjon om rusteam, følg lenke her (legg inn lenka til Rusteam)
Ruskonsulent
Dette kan ruskonsulenten hjelpe deg med:
- Bistå deg som pårørande, eller deg som har utfordringar knytt til rus med samtaler, råd og rettleiing.
- Henvisning til rusbehandling hos spesialisttenesta.
- Koordinere tenestene når det er fleire instansar involvert og kan vera eit bindeledd mellom fastlege, NAV, bustadkonsulent og sjukehus.
Du treng ikkje ha eit alvorleg og omfattande rusproblem for å kontakte ruskonsulenten, og du treng ikkje henvisning.
Kontakt faglig leiar Elin Erikstein, tlf 97 05 80 50, så set ho deg i kontakt med ruskonsulent.
Interkommunal psykologteneste
Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Tokke har gått saman om å opprette stilling som kommunepsykolog. Stillinga vart oppretta i 2019, med barn og unge som fokusområde. Førebels er det tilsett ein kommunepsykolog, men det blir jobba for å få ein psykolog til.
Den interkommunale psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologen rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff ho også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.
Kommunepsykologen har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 14 B, men vil ha faste dagar i kvar kommune.
Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern eller PPT.
Tilbodet er gratis.
Nyttige nettstader
Finne hjelp når noko er vondt eller vanskelig:
Hjelp til hjelp – nettportal for psykisk helse.
Senter mot incest og seksuelle overgrep:
Spørsmål om kropp, mat, spiseforstyrringar?
Rådgivning om spiseforstyrrelser
Spørsmål om sex og seksualitet?
Tekstar om mange viktige tema:
Filmar:
«Alfred og skyggen. En liten film om følelser»
«Alfred og skyggen. En liten film om selvkritikk»
«Alfred og skyggen. En liten film om å være redd»
Ressursar om vald og traumatisk stress og sjølvmord:
Regionale sentre for vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging