Kva vi kan hjelpe deg med

  • Råd og veiledning
  • Skog- og utmark
  • Bygging av skogsvegar
  • Tilskotsordningar
  • Motorferdsel
  • Jakt og fiske

 

NMSK (Nærings- og miljøtiltak i skogbruket)

Tokke kommune har gjennom mange år gjedd 40% tilskot til utført ungskogpleie. Utbetaling skjer etter framvising av dokumentasjon (faktura). Har du gjort jobben sjølv tek du kontakt med kommunen for å berekne grunnlaget for tilskot. NMSK tildelingane frå Fylkesmannen kan variere frå år til år. For å vere sikker på å få tilskotet løner det seg å vere tidleg ute.

Tilskot til tettare planting, gjødsling og suppleringsplanting som eit miljøtiltak er også NMSK midlar, men går ikkje av dei tildela midlane til kommunen. Dette tilskotet blir utbetala frå ein nasjonal ramme.

For meir informasjon om NMSK og miljøtiltak, gå inn på www.landbruksdirektoratet.no og sjå under fana «Eiendom og skog».

Skogfond

Som skogeigar har du plikt til å sette av midlar til eit skogfond. Dette fungerer som ei tvungen fondsavsetting slik at du sjølv kan bruke dei midlane som er avsett, til seinare investeringar på eigedommen din. Du kan få pengane utbetalt når du har gjort investeringar som er godkjendt for bruk av skogfond. Ved utbetaling får du delvis skattefritak, med unntak av utbetaling som skal gå til å dekke meirverdiavgift.

Meir informasjon om dette finn du her

Skjema for utbetaling frå skogfondskonto finn du her.

For spørsmål, ta gjerne kontakt.

Landbruksvegar

Du må ha godkjenning av kommunen ved nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar uavhengig av eigedomsgrenser. Konsekvensane som vegen vil ha for natur, kulturminne og friluftsliv, vil bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.

Meir informasjon om dette finn du her