Heimesjukepleie

Heimebasert omsorg gjev tilbod om heimesjukepleie ut frå trong etter lov om helseteneste i kommunen, og er gratis. Ein kan få hjelp med personlig hygiene, til å komma seg opp om dagen og legge seg om kvelden. Tilsyn, bading/dusj, dosering av medisin og utdeling av medisin, sårskift og andre faglige prosedyrar. Vurdering/kartlegging og oppfølging av medisinsk behandling av pasientar, tilrettelegging og tilpassing av hjelpemiddel.

Brukar av heimesjukepleia kan forvente å få naudsynt hjelp når behovet melder seg, hjelpa kjem til avtalt tid og at ein blir vist respekt og forståing som einskildmenneske.

Heimesjukepleia har tilbod om aktiv teneste på dag og kveldstid, frå kl.08.00 til kl. 22.00. Nattevakt på Tokke Helsesenter rykkjer ut på tryggleiksalarm på natt, heimesjukepleia på dag og kvelds tid.

Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Dette er praktisk hjelp til alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk, vask av klede m.m.

Matombringing

Eldre og uføre kan få vedtak på tilkøyrt kald/ varm middag frå kjøkkenet på Tokke Helsesenter. Det er og mogleg å eta middag på helsesenteret.

Heimvaktmeister/serviceoppdrag

Ambulerande heimevaktmeister hjelper til med oppgåver som for eksempel vedbering og til kjøring av matvarer, og enkle reperasjoner. Oppdraga meldast og godkjennast av leiar i heimetenesta, og det betalast ein eigenandel av brukar. Heimevaktmeister har og arbeid med montering av tryggleiksalarm, velferdsteknologi og utkøyring av hjelpemidlar.

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Hjelpeordning som er tiltenkt personar med samansette hjelpebehov. Målet er at hjelpa skal vere meir fleksibel og gje større grad av fridom enn det som følger av dei ordinære tenestane frå heimehjelp og heimesjukepleie.

Omsorgsløn

Kommunen kan gje lønn til personar med svært tyngande omsorgsarbeid. Eit vilkår for å få omsorgsløn er vedtak om hjelpestønad. Hjelpestønad kan ein person få dersom ein har særskilt trong for pleie og tilsyn grunna sjukdom. Dvs at for eksempel ektefelle, barn eller venner hjelper deg med personlig stell, i mat/ ete situasjonar eller lignande.

Søknad om teneste

Vedtak om heimeteneste i kommunen avgjerast av tiltaksteam etter vurdering i høve til helse og omsorgstenestelova. Vedtaket er eit enkelt vedtak i høve til søknad om tenestar. Det er nødvendig å kartlegge din trong for hjelp.                                               

Det er din medisinske tilstand og funksjonsnivå som ligg til grunn ved behovsvurderinga.

Du kan få søknadsskjema og eventuell hjelp med din søknad ved å kontakte tildelingskontoret.

Send søknad til:

Tokke kommune

Helse- og omsorgsetaten v/tildelingskontoret

Revahaugvegen 6

3880 Dalen