Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Influensavaksinering

Det vert tilbod om korona- og influensavaksinering på dette tidspunktet. Det er berre å møte opp, ingen timebestilling. Koronavaksina er gratis og influensavaksina kostar kr. 200,-. 

Stad: Tokke legekontor

Tidspunkt: 

Dropp inn- Torsdag 23.11 kl 16.30-18.30

Korona- og influensavaksine kan settast på same tid. Les meir informasjon om korona- og influensavaksine på https://www.fhi.no/va/voksenvaksinasjon/

Ynskjer de pneumokokkvaksine, kan de ta kontakt med Tokke legekontor. 

Informasjon om når ein fekk sist vaksinedose finn ein på https://www.helsenorge.no/vaksiner/

Personar i følgjande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:  

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar 
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko skal òg få tilbod om influensavaksine 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (t.d. organtransplanterte, kreft, hiv, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (t.d. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert andre stader) 

I tillegg er influensavaksine tilrådd: 

Les meir om: Influensavaksinasjonsprogrammet