Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
Det er fleire typar byggetiltak du kan setje i gang utan å be om løyve frå kommunen. Det er derfor viktig å undersøkje om byggjetiltaket ditt er friteke frå krava.
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:
- mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
- frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
- mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
- mindre tiltak i eksisterande byggverk
- mindre tiltak utandørs
- fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
- andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta
Du må sjølv sørgje for at det du ønskjer å byggje, er i tråd med lovverket. Ver spesielt merksam på:
- at tillaten utnyttingsgrad og regelen om minst fire meters avstand til nabogrensa ikkje blir overskriden.
- at regelen om 30 meters avstand til jernbanespor ikke blir overskriden (i så fall må du få tillating frå Bane NOR).
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som du meiner kan bli påverka av tiltaket.
Kriterium/vilkår
Tiltaket må ikkje føre til fare eller ulempe for omgivnadene. Det skal ikkje vere i strid med plan- og bygningslova, arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplan. Er du i tvil om byggjetiltaket oppfyller vilkåra, så kontakt kommunen for meir informasjon. Hugs at du er sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikke skjer i strid med dei reglane som er nemnde. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du uansett sende ein søknad.
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
8 steg fra idé til ferdig søknadDette kan du bygge selv
Dette kan du bygge uten å søke
Hvor stort kan du bygge
Slik varsler du naboene
Direktoratet for byggkvalitet
Lover og retningslinjer
Lover
JernbanelovenPlan- og bygningsloven
Forskrifter
Byggesaksforskriften (SAK 10)Forskrifter
Veiviser - Endre bruken av et romKontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: | Teknisk etat |
Postadresse: | Storvegen 60 3880 DALEN |
Besøksadresse: | Storvegen 60 3880 DALEN |
Andre opplysningar
Oppdatert: | 2019-05-08 10:44 |