På grunn av vanskelege beitetilhøve for villreinen trekkjer dei no ned i lågareliggande område. Tokke kommune ser det derfor naudsynt å innføre ekstraordinær bandtvang

Forskrifta trer i kraft straks og er gjeldande fram til 31.03.2020, eller inntil den blir oppheva dersom beiteforholda endrar seg vesentleg.

 

Forskrift om utvida bandtvang

Forskrift om utvida bandtvang, Tokke kommune, Vestfold og Telemark

§ 1. Formål

Det vert innført ekstraordinær bandtvang i Tokke kommune for å beskytte villrein som er i ein sårbar situasjon grunna vanskelege beiteforhold.

§ 2. Virkeområde

Forskrifta gjeld området vest i Tokke kommune frå Byrtevatn til Førsvatn.

§ 3. Bandtvang

Alle hundar skal til ein kvar tid haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda. Unntak gjelder for hundar nemnt i lov om hundehold § 9.

§ 4. Hund som spring laus

Kvar og ein kan oppta hund som spring laus i strid med denne forskrift. Laushund skal leverast til hundehaldar, dersom denne er til stades. Dette gjelder ikkje dersom hundehaldar openbart ikkje kan ta hand om hunden på forsvarleg og lovleg måte. Viss ikkje hunden blir levert til hundehaldar, skal den snarast leverast politiet.

§ 5. Brot på forskrifta

Brot på denne forskrifta straffast etter lov om hundehold § 28

§ 6. Verknad frå

Forskrifta trer i kraft straks og er gjeldande fram til 31.03.2020, eller inntil den blir oppheva dersom beiteforholda endrar seg vesentleg.

§ 7. Klage

Denne forskrifta kan klages på til Fylkesmannen jf. § 6 tredje ledd i lov om hundehold.