I samsvar med plan- og bygningslova §12-10 blir endring av reguleringsplan for Høydalsmo aust lagt ut på høyring etter handsaming i formannskapet den 20. september 2022 i sak 92/22.

Tokke kommune varsla i mai 2022 oppstart av reguleringsendring på gjeldande reguleringsplan «Høydalsmo aust» med planID 20110002. Bakgrunnen for endring av reguleringsplanen er at ein vil bygge leiligheiter for fastbuande og fritidsbruk på areal som tidlegare er regulering til campingføremål.

Dersom det er merknader til ny plan skal dei sendast på epost til Tokke kommune: postmottak@tokke.kommune.no innan 1. desember 2022.

 

For meir informasjon kan de kontakte arealplanleggar i Tokke kommune, Knut Erik Paulsen mob. 90 52 85 86.

Plandokument finn de her