Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gravplass

Bur du i kommunen, har du rett til fri gravplass der, men det eksisterer også andre rettar og krav du må ta omsyn til.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.

Etter at fredingstida er over, skal den som er ansvarleg for grava, få høve til å feste grava. Kistegraver kan festast saman til éin gravstad. I så fall er den grava som blir tatt i bruk først, fri grav i fredingsperioden. Ei anonym grav har ingen som er ansvarleg, og gravplasseringa er berre kjend for kyrkjegardsmyndigheitene. Fylkesmannen kan gi løyve til oskespreiing som eit alternativ til gravlegging på offentleg gravplass. Dersom gravstaden vil ha ein spesiell offentleg interesse, kan Fylkesmannen gi løyve til privat gravplass for å setje ned oskeurna. 

Kriterium/vilkår

 

Fredingsperioden for ei grav er i Tokke 30 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida kan fornyast med 10 år av gongen. 

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Kyrkjeleg fellesråd forvaltar gravplassane i kommunen, men det er kommunen som løyver pengane til drifta.

aaa

Lover og retningslinjer

Lover

Gravferdsloven

Forskrifter

Gravferdsforskriften

___
___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Kyrkjekontoret
Telefon:35 07 52 30
Epost:kyrkjekontoret@tokke.kommune.no
Postadresse:¨Storvegen 60, 3886 DALEN
Besøksadresse:Storvegen 60, Dalen (kommunehuset i kjellar)

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44