Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for ungdom. Helsestasjonen har teieplikt og du treng ikkje bestille time.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

På helsestasjon for ungdom kan du snakke om og få råd om
  • Psykisk helse
  • Å vokse opp i to kulturar
  • Vanskelege forhold heime
  • Graviditet, prevensjon og abort
  • Seksuelle overførbare infeksjonar
  • Spiseforstyrringar
  • Alkohol, piller og narkotika
  • Vald eller overgrep
Helsestasjonen er open på ettermiddagar, det er gratis og du treng ikkje bestille time.
Alle som jobbar på helsestasjonen har teieplikt.
 
Dersom du ikkje tidlegare har fått barnevaksinasjonar, vil du få tilbod om vaksinering gjennom helsestasjonen fram til du er 20 år.

Du kan snakke med helsesyster eller lege om tema som opptek deg:

·        Seksualitet

·        Prevensjon

·        Menstruasjon

·        Spørsmål om kroppen

·        Konfliktar i familien, med venner

·        Problem på skulen

·        Tristhet

·        Kosthald

·        Røyk/alkohol

·        Vonde opplevingar m.m

Du kan og ta kontakt ved behov for utført graviditetstest og prøver for seksuelt overførbare infeksjonar, nødprevensjon og kondom.

Det er ikkje timebestilling og tilbodet er gratis.

Me held til på Tokke helsestasjon, til venstre, aust for hovudinngang legekontoret.
Her vil du treffe helsesyster. Det vil alltid vera helsesyster til stades, medan lege vil vera til stades 1. måndagen i mnd.

Opningstider er torsdag 14.30 – 16.00 eller du kan nå oss på mobil 47603808. Det går og fint å sende ei tekstmelding. Vi svarar deg så snart vi kan.

Ungdomshelsestasjonen fylgjer skuleruta.

Målgruppe

Ungdom opp til 24 år

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Overgrep.no
Din vei ut
aaa

Lover og retningslinjer

Kommunen plikter å tilby helsestasjons- og skolehelseteneste til born og unge under 20 år. Sjå

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, § 3-2, § 3-3
Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten § 5, § 6 og § 7.

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

___

Rettleiing - korleis få utført

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Klagemulighet

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Tokke helsestasjon
Telefon:35 07 55 50
Epost:postmottak@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Revahaugvegen 6 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44