I samband med arbeidet med oppfølging av Ungdommens distriktspanel sine 10 råd, har Tokke kommune hatt eit prosjekt med å utvikle ein kreativ møteplass. Prosjektet er gjennomført med involvering og medverknad frå ungdom – og Vest-Telemark vidaregåande skule har laga møteplassen, som er i metall og tre. Prosjektet er finansiert av Vestfold og Telemark Fylkeskommune og Tokke kommune.

Faun Naturforvaltning har vore prosjektleiar.

Prosjektet er basert på

  • Spørjeundersøkinga « Framtid, attraktivitet og ungdom i Tokke»
  • Innspel frå ungdom på Yrkesmessa 2022 
  • Skisser og teikningar frå Faun Naturforvaltning i samarbeid Vest- Telemark vidaregåande skule
  • Arbeid med stadutvikling og attraksjonskraft 

Vi håper møteplassen blir eit samlingspunkt og eit symbol på at Tokke kommune har fokus på ungdom og framtidstru.

Møteplassen står no på uteområdet ved Moen gard.