Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Musikk- og kulturskule - opptak

Musikk- og kulturskule er eit tilbod til skuleelevar. Kommunen driv og eig skulen.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod. Tilbodet er organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.

Tokke kommune eig og driv Tokke kulturskule. Utgifter til drift av kulturskulen dekkast av kommunale og statlege tilskot og skulepengar frå elevane. Administrativt ligg kulturskulen under Kultur og oppvekst.

Undervisning
Lærarar i Tokke kulturskule underviser i fylgjande disipliner:

 

  • Piano
  • Keyboard
  • Hardingfele
  • Fløyte
  • Klarinett
  • Saksofon
  • Kornett/trompet
  • Baryton/trombone/tuba
  • Gitar/bass gitar
  • Band/ensemble
  • Slagverk
  • Song 
  • Visuell kunst 
  • Dans

 


Lærarane i kulturskulen skal ha høgare utdanning eller tilsvarande innan sitt felt, og dei fleste er aktive kunstnarar i tillegg til undervisninga. Det meste av undervisninga går føre seg på Tokke skule,Høydalsmo skula; Tokke kulturhus og Elvarheim, primært på ettermiddagen.
Undervisninga i kulturskulen fylgjer skuleruta for grunnskulen.
Undervisningsforma i instrumentalundervisninga er gruppeundervisning eller einetime. Storleiken på gruppa avheng av type instrument, alder og nivå.
Kulturskulen samarbeider med grunnskulane i Tokke, og har ansvaret for instrumentopplæringa og dirigent tenestar i Tokke skulemusikk og Høydalsmo/Lårdal Skulekorps. I tillegg til ordinær undervisning, arrangerar kulturskulen eigne konsertar.
 

Instrumenter og læremidlar
Kulturskulen samarbeider med lag og foreiningar om leige/lån av instrumenter.
Lærarane i kulturskolen vil hjelpe til med råd og vegleiing når det gjeld innkjøp av instrumenter og noter.
 

Målgruppe

Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Når du søkjer om opptak, har du rett til å få eit skriftleg vedtak frå kommunen. Sjølv om du ikkje har rett til å ta imot eit tilbod, må kommunen si avgjerd om tildeling av plass vere sakleg grunngjeven.

Alle kan søke om opptak i Tokke kulturskule. Dersom du ynskjer å spele eit korpsinstrument eller hardingfele, blir du automatisk medlem av eit skulekorps eller Sullarguten spellemannslag.
Søknadskjema får du ved å vende deg til rektor ved kulturskulen eller i resepsjonen på kommunehuset. 
Det er ingen søknadsfrist. 
Elevar som har byrja i kulturskulen er registrerte ved skulen inntil dei kjem med skriftleg oppseiing.Slik oppseiing sendast skulen innan 1. juli / 1. des..

Dersom søkaren får plass i kulturskulen, er denne bindande for heile semesteret.(Nye elevar får 6 veker prøvetid og betalar ikkje om dei sluttar innom dei 6 vekene)
Dersom det ikkje er plass, blir søkaren satt på venteliste.
Opptak av korps /hardingfele elevar gjerast i samråd med dei respektive laga.
Påmeldinga er bindande og gjeld for skuleåret (både haust-og vårsemester). (Ynskjer eleven å slutte til jol, må det gjevast skriftleg melding før 1.desember!) Eleven er å sjå på som elev ved kulturskulen heilt til det kjem ei skriftleg utmelding. Fristen for utmelding er 1.juli. Desse fristane er viktig å halde for at andre skal få den ledige plassen!

Påbyrja semester vert fakturert på vanleg måte. Føresette er ansvarleg for at semesteravgiftene betalast. Det vil elles medføre stopp i undervisninga.

Pris for tenesta

Elevbetalinga er f.t. kr. 815,-/einetime/semester eller kr. 416,-/gruppetime/semester. Sysken/familiemoderasjon er 25%. Vaksne betalar 25% i tillegg til vanleg timepris. Tokke kommunestyre fastset prisane i kulturskulen, og endringar skjer som regel pr. 1.januar.
 

Pris og Gebyr - Kulturskulen

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Norsk kulturskoleråd
aaa

Lover og retningslinjer

Alle kommunar skal aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til born og unge. Se opplæringslova § 13-6 Musikk- og kulturskoletilbod

Lover

Opplæringslova

___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Tokke kulturskule
Telefon:35 07 52 00
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Tokke skule 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44