Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Restskatt - betaling og innkrevjing

Dersom du har betalt for lite skatt i høve til inntekta di, må du betale meir skatt neste år. Dette blir kalla restskatt.

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Restskatt oppstår som regel fordi inntekta blei høgare enn forventa. Han må betalast sjølv om du klagar på oppgjeret. Restskatt over kr 1000 forfell til betaling i to terminar. Betaling skjer til skatteoppkrevjaren sin bankkonto for skatt. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, vil skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnkrevjing og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du er usamd i skatteoppgjeret, sender du klage til skattekontoret. Dette kan gjerast elektronisk. Fristen for klage på skatteoppgjeret er generelt tre veker etter kunngjering av at skattelista er lagd ut. Når du har levert skattemelding som er fylt ut på førehand og er omfatta av det første skatteoppgjeret, er fristen for klage 10. august eller innan seks veker etter at det blei kunngjort at skatteoppgjeret var ferdig.

Målgruppe

Personar som har fått restskatt ved skatteoppgjeret

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Skatteetaten er organisert med eit hovudkontor, Skattedirektoratet, og fem regionar: Skatt nord, Skatt Midt-Norge, Skatt vest, Skatt sør og Skatt øst.

Kvar region har fleire fysiske skattekontor. Alle skattekontorene har en rådgjevingsteneste som tar imot dine spørsmål på alle Skatteetaten sine oppgåveområder. I tillegg har vi Skatteetaten si telefonteneste  – etaten si rådgjevingsteneste på telefon.

Skattekontoret fastset grunnlaget for kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemner/kommunekasserar) handterer innbetalingar og set i verk innkrevjing.

aaa

Lover og retningslinjer

Lover

Skattebetalingsloven
Skatteforvaltningsloven

___
___

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:Økonomiavdelinga
Telefon:35075200
Epost:okonomi@tokke.kommune.no
Postadresse:Storvegen 60 3880 DALEN
Besøksadresse:Storvegen 60 3880 DALEN

Andre opplysningar

Oppdatert:2019-05-08 10:44