Frå i dag 22.12 er sjølvtest jamstelt med PCR-test (legekontortest) når det gjeld å kunne teste seg ut av karantene etter dag 7. Det vil sei at ved negativ sjølvtest på dag 7 kan du avslutte ei eventuell smittekarantene, og treng ikkje ein PCR-test i tillegg. Viss du utviklar symptom på luftvegsinfeksjon så skal du ringe koronatelefonen i Tokke - 903 66 117.
Noreg har avgrensa tilgang på hurtigtestar, og dette gjeng også utover tilgangen på slike testar i Tokke.
Me har alle eit ansvar for å passe på at me ikkje går tome, og difor er det viktig at du fylgjer reglane for utlevering av hurtigtest. Det er tre indikasjonar for at du skal teste deg:
- Du har symptom på korona, eller
- Du er nærkontakt, eller
- du har fått melding av helsetenesta i kommunen om å teste deg.

Det er ingen grunn til å teste seg fleire gonger enn det du har fått melding om.

Når du tek ein sjølvtest er det viktig å fylgje den rettleiinga som ligg ved testen, og særleg å lese av prøva mellom 15-20 min.
Ved svakt utslag på testen der du er usikker på om det er rett svar, så ta ein ny hurtigtest. Er du då framleis usikker så ring kommunen sin korona/smittesporingstelefon: 903 66 117. Då vil du få råd og kan eventuelt avtale ein kontrolltest der du får hjelp av helsepersonell.

NB! Kulde kan påverke testresultatet. Testutstyret skal lagrast i temperatur mellom +2 til +30 grader C, og utanfor direkte solljos, og må ikkje bli utsett for frost.