Smittestatus
Pr 4.april er det registrert 4 smitta i løpet av dei siste 4 dagane i Tokke, og dette er ein klar nedgang sidan toppen i veke 6 med 60 smitta - 15 per dag i snitt. I alt har kommunen registrert om lag 670 smitta i vårt registreringssystem (FIKS S) sidan pandemien tok til.
Nasjonalt reknar ein med at opp mot 50 % av dei smitta ikkje vert registret. Det er ikkje lenger krav om å isolere seg ved positiv test, men råd om å halde seg heime i minst 4 dagar etter at du merkar symptom og minst 24 timar etter at du er feberfri.
Det er mest mellom unge og deira husstandsmedlemer (under 65 år) at smitten no spreier seg.
Det er ikkje registrert alvorlege symptom der den smitta treng legehjelp.
Oversyn over smittestatus og vaksinestatus i Tokke og resten av fylket finn du her
Det er Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark som har laga oversynet over vaksinesituasjonen, smittesituasjon og risikonivå i kommunane i fylket. Du kan og klikke deg vidare til vaksinasjonstatus, smitta siste døgn eller siste 14 dagar, og smitta totalt.
Nederst på den sida kan du velje ulike tema som risikovurdering, vaksinasjonsstatus, smitta siste døgn, smitta totalt m.m. Vel tema og klikk så på kommunen din på kartet