I haustferien blir det arrangert ulike aktivitetstilbod for born og unge i Tokke.

Grunna at ikkje alle heimane har fått god nok informasjon om rideleir, blir me nøydd til å annullere påmeldingane og sette ny frist for påmelding til onsdag 6.10 kl 14.

Ved fleire påmelde enn ledige plassar blir det loddtrekning. For dei som ikkje får plass på leir i veke 41, blir det ny loddtrekning om plassar på helgekurs i oktober/november. Me kan diverre ikkje love at alle får plass på rideleir, men vil jobbe for eit tilsvarande tilbod til neste år. 

  • Open Dag på Skafså motorsportbane 13.10 kl 1730 - 1900 - frist for påmelding til køyring er utløpt, men det er opent for alle å sjå. Det blir sett opp buss frå Høydalsmo skule kl 16:45, med retur 1910.
  • Gratis paddle-tennis på Vistadmoen (dato kjem me tilbake med når me har fått langtidsvarselet)

Båtførarkurs er fullteikna, men me vil jobbe med å tilby nytt kurs til neste år.​

Meir informasjon om tilboda finn ein her:

https://www.tokke.kommune.no/ferieaktivitet-for-ungdom.536754.nn.html