På grunn av karantene og fråvær i store delar av personalet, har det ikkje vore mogleg å halde ei forsvarleg drift i barnehagen. Dette er årsak til stengt barnehage i dag. 

Barnehagen i Høydalsmo /Lårdal er på gult nivå inntil vidare. Det vil vere jamleg testing av tilsette og føresette i dagane som kjem. Det er viktig å halde borna heime ved teikn til sjukdom/ symptom.

Barnehagen vil vere open torsdag og fredag med noko reduserte tider. Dette frå kl. 08.00 til 15.30.