Fylkespolitikarane har vedtatt ei ramme på 1 540 000 kroner til BIO-ordninga våren 2024. Ordninga kan gi tilskot til opplæring av tilsette i verksemder som har behov for ny kompetanse knytt til ei definert omstilling. Ordninga gjeld verksemder som er lokalisert og har tilsette i Telemark.

 

Mange verksemder opplever ein krevjande kvardag der både ei uroleg verd, krav om grøn omstilling, høg renter og lågare kjøpekraft i samfunnet skaper usikkerheit. Fleire bransjar og mange verksemder har difor behov for naudsynte omstillingar for å møte framtida. BIO-ordninga kan bidra til at verksemder kan møte behovet for omstilling med ny og tidsrektig kompetanse som på si side kan trygge arbeidsplassar, skape vekst og styrke verksemda si konkurransekraft. 

 

Verksemder kan på ny kan søke om støtte til kompetanseheving av sine tilsette. For å kunne motta tilskot frå BIO-ordninga, må opplæringa vere knytt  til ei tydeleg omstilling som verksemda skal gjennomføre. Denne omstillinga må omtalast konkret i søknaden. Omstillinga treng ikkje være ein lang eller omfattande prosess. Ofte er det presise og gjennomtenkte grep som skal til. Sidan pengepotten er avgrensa i denne utlysingsrunda, er det sett eit maks tilskot på kr 100 000 pr tilsett og kr 500 000 pr. verksemd og år. 

 

MEiR INFORMASJON: Bedriftsintern opplæring (BIO-midler) - Telemark fylkeskommune

 

På denne sida finn dykk retningsliner, nyttige malar, tips til ein god søknad, direkte lenke til søkjesystemet og kontaktinformasjon til fylkeskommunen ved behov for rettleiing eller svar på spørsmål

Det er førebels ikkje avklart om det blir ny utlysning av BIO-ordninga hausten 2024.