Nå er det igjen duka for Beintøft, Norges største gå-til-skulen-aksjon. Frå 30. august - 24. september, skal barneskuleelever (1.-7. klasse) over heile Norge konkurrere mot kvarandre om å kome seg til og fra skulen på den mest miljøvennlige måten. Vi ynskjer å inspirere elevane til å gå, sykle eller ta kollektivt til skulen. Slik blir det mindre forureinsing der vi bur, lufta blir reinare og området rundt skulen blir tryggare. Det er gratis å deltake og den tøffaste klassa vinn heile 30 000 kr.

Kvar veke i Beintøft har eit eige vekestema som fokuserar på ulik klima- og miljøproblematikk. Det fylger med eit eige vekesoppdrag og eit eige undervisningsopplegg til kvart tema. Undervisningsopplegget består av ein undervisningsvideo, powerpoint, quiz og eit forslag til aktivitet i klasserommet. Materialet er aldersdifferensiert og det er utvikla eige opplegg for 1.-2. trinn, 3.-4. trinn og 5.-7. trinn. Vekesoppdraget er ein kreativ bildeoppgåve som klassa skal løyse i fellesskap for å få fleire poeng i konkurransen og for å vinne eigne pengepremiar.

Årets veketema er:

  • Uke 1: Val og klimaendringar – Her fokuserar vi på klimaendringane og det komande Stortingsvalet.
  • Uke 2: Natur og miljø – Her fokuserar vi på naturen i nærmiljøet, økosystem og kor viktig naturen er.
  • Uke 3: Plast og gjenbruk – Her skal vi lære om søppel, kva som skjer når det havnar i naturen og kva som skjer når vi resirkulerar det.
  • Uke 4: Maten vår – Her skal vi sette søkelyset på korleis vi dyrker mat og korleis klimaendringane legg press på matsikkerheten.

Ikkje bare er Beintøft sosialt og hyggeleg for klassa å vere med på, det er også eit godt tiltak for å forbedre klimaet, trafikksikkerheten, helsa og miljøet. Dei beste klassene vinn fine premier, som skal bidra til vidare miljøvennleg aktivitet og kome heile klassa til gode.

Nasjonal vinner: 30 000 kroner til årets tøffaste klasse

Beste klasse per trinn: 1.-7. klasse: 5000 kroner

Beste klasse per fylke: 5 000 kroner

Vinnare av kreative vekesoppdrag: Kvar veke delar vi ut 5 000 kroner til vinnar av kreative vekesoppdrag: ein vinnar i 1.-2. trinn, ein vinnar i 3.-4. trinn og ein vinnar i 5.-7. trinn.

Gå inn på www.beintoft.no for å lese meir om konkurransen og for å melde på klassa di.