Verksemder som må gjere ei vesentleg endring i produksjon, etablere seg på nye marknadar, eller treng eit kompetanseløft, kan søkje om bedriftsintern opplæring. Det er ein føresetnad at tilskotet vil bidra til å oppretthalde og styrke kompetansen til tilsette i verksemda. Ordninga gjeld for tilsette, heilt og delvis permitterte.

Verksemda må sjølv søkje, og tilskotet skal dekke kostnadar knytt til opplæring og lønsutgifter til deltakarar i opplæringsperioden. Det skal ligge til grunn plan for opplæring i verksemda samt gjennomføringsplan.

Sjå meir info om søknad her