Om du treng sjølvtest for koronavirus kan du no få dette på fylgjande stader: 
- kommunehuset i resepsjonen 
- Tokke folkebibliotek, Dalen 
- Åmdals Verk Daglegvare i bemanna opningstid (kl 10-17) 
- Joker Høydalsmo 
- Åheim bufellesskap 
- Tokke legekontor 

Testane er i pakker à 5 sjølvtestar, og då det førebels ikkje er ubegrensa med testar tilgjengeleg, så ber me dykk avgrense uttaket til ein 5-pakning per person som skal teste seg, og 3 5-pakningar til same husstand i fyrste omgang. Ein kan hente fleire seinare om ein treng det - etter kvart som staten etterfyller kommunane med sjølvtestar. 

Har du teke ein sjølvtest og denne er positiv kan du registrere dette her: Registrer positiv sjølvtest og nærkontaktar - TOKKE KOMMUNE

Treng du hjelp eller i staden ynskjer å melde inn positiv testresultat via telefon, kan du ringe kommunens koronatelefon: 903 66 117.

Berre desse skal ta PCR-test ved eventuell positiv sjølvtest: 
- born opp til 16 år 
- dei som ikkje er vaksinerte 
- personar i risikogruppene 
- personar som ikkje har fenge 3 doser og treng koronasertifikat for å reise utanlands.