Tokke kommune mottek konsesjonskraft frå Tokke kraftanlegg til såkalla sjølvkostpris. Dvs at p.t. betalar kommunen Statkraft om lag 10 øre/kWh ferdig innmata på transmisjonsnettet (sentralnettet). 
Vest-Telemark Kraftlag tek ut og forvaltar denne straumen på vegne av kommunen, og sel den vidare til innbyggarane til marknadspris med eit øvre pristak - som i 2021 er 37 øre/kWh. Tokke kommunestyre gjer årlege vedtak i budsjettet om pristaket. 
I tillegg kjem el-avgifter, nettleige og mva.

Om den gjennomsnittlege marknadsprisen (spotprisen) for heile 2021 vert 77 øre/kWh, vil eit vanleg hushald med 20 000 kWh i forbruk, spare 50 øre per kWh inkl.mva eller om lag kr 10 000,- dette året på straumreikninga. 

På den annan side vil kommunekassa i Tokke gå glipp av om lag 16 mill kr i inntekter samanlikna med ein situasjon utan slikt pristak.