Det er bevilga 50 millionar i ekstraordinær tiltakspakke der formålet er å oppretthalde hogstaktiviteten i skogbruket. Det er skogeigar sjølv som må søkje. Tilskotet går til dei som nyttar profesjonelt hogstmaskinlag (heilmekanisert).

Tilskotssatsen er på 75% av driftsutgifter over 160,- kr pr m3 for sluttavverkning og 230,- kr pr m3 for tynning. Maksimalt tilskot er 120,- kr pr m3. Utgifter til felling inntil hogstmaskin reknast som driftsutgift.

Det er ein føresetnad at det er inngått tømmerkontrakt slik at skogeigar er sikra avsetning av tømmeret. Seiste frist for anmmodning om utbetaling er 30. november 2020. Dette betyr at søknad om tilskot må vere godkjent før dette.

Tilskot under 2000,- kroner utbetalast ikkje. Det gjevast ikkje tilskot til drift på areal som skal omdisponerast til beite/dyrka mark. Vegbygging og kippetillegg reknast ikkje som driftsutgift.

Ein vil også minne om at det er gode tilskotsordningar for ungskogpleie. Her gjevast det 40 % tilskott anten ein utfører jobben sjølv eller leiger AT Skog.

For meir informasjon ta kontakt med skog- og utmarksrådgjevar på telefon 35 07 52 44.