16. april fastsette Landbruks- og matdepartementet forskrift om ekstraordinært tilskot til skogplanting våren 2020. Ordninga er meint som ei kompensasjonsordning for ekstrautgifter i samband med koronasituasjonen vi er inne i. I korte trekk er ordninga slik:

  • Ordninga gjeld kun vårplanting 2020.
  • For dei som nyttar andelslag til utsetjing av planter (for dei fleste vil dette bety AT skog), er det ikkje mogeleg å søkje tilskot. AT skog får dekt ekstrautgifter direkte frå Landbruksdirektoratet.
  • For privatpersonar som plantar sjølv, eller leiger ekstern hjelp (gjeld då ikkje hjelp frå AT skog eller andre andelslag) kan ein søkje om eit tilskot på 1,30 kroner pr utsett plante.
  • Søknadsfrist er sett til 1. september 2020.

Har du spørsmål, ring skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa tlf 350 75 244