Kriseleiinga i Tokke vil medio desember gjennomføre ei enkel evaluering av korleis arbeidet med å handtere covid-19 pandemien i kommunen fungerar – med vekt på informasjon/kommunikasjon til publikum.

Føremålet med evaluering er å forbetre oss.

I samband med dette er dei som måtte ha synspunkt på kommunens koronainnsats invitert til å dele desse med oss ved ein e-post til:

postmottak@tokke.kommune.no, og nytte overskriften «Innspel til Tokke kommune sitt Covid-19 arbeid».

Om du har innspel til andre sider ved kommunens arbeid med pandemien ut over informasjonsdelen, så er du velkomen til å koma med dette også.

Tilsette i Tokke kommune kan gje innspel/attendemelding på lik linje med publikum elles.

Det vil bli laga ei oppsummering av evalueringa som vert lagt ut på heimesida i etterkant.

 

Frist for innspel er 13.desember