Møtet fant stad i kommunestyresalen. Oppmøtet var bra, med om lag 50 jegerar og grunneigarar som tok seg tid til dette i ei elles travel tid. 

Den nytilsette skog- og utmarksrådgjevaren Morten Elgaaen ønskte velkommen, presentera seg sjølv og gjekk gjennom programmet for kvelden. 
Så var det klart for foredrag om hjort, med ein av Noregs fremste hjorteforskarar Erling Meisingset. Han er tilsett ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), og har jobba med hjorteforsking sidan 1990. Han er også grunneigar og ein særs ivrig hjortejeger. Me fekk høyre om både biologi, forsking og forvaltning av denne arten som har hatt ein formidabel auke både nasjonalt og lokalt. På landsbasis skytast det no  dobbelt så mange hjort som elg her i landet.

Mellom anna viste Meisingset dokumentasjon på at mykje hjort har lange trekk, og store leveområde. Det kan vere utfordrande for jegerar at dyra har trekt ut av deira jaktområde når hausten kjem. GPS-merking av hjort syner at mange dyr startar hausttrekket allereie i månadsskifte august-september. Han oppmoda difor til at fleire jaktar på hjorten ifrå 1. september, når hjortejakta startar. 

Meisingset rosa jegerane i Tokke for god rapportering av sett- og skote hjort. Trenden syner at me har ei stamme i vekst. Det blir viktig framover å bli einige om presise mål for hjorteforvaltninga. Så langt ser både alder- og kjønnsfordeling i uttaket bra ut. Me har ikkje kome dit som mange andre, at dei store bukkane er skote ned. Kommunen vonar at foredraget blei både lærerikt og inspirerande, for her blir det trong for fleire som ynskjer å jakte på hjorten spesielt.

Etter ei kaffipause så såg me litt på jaktstatistikken frå elgjakta. Det er til dels store skilnader lokalt i høve elgbestanden i Tokke. Det blei opna for innspel, kommentarar og synspunkt frå salen. Jakta engasjerer i Tokke, og det er bra med ein dialog mellom jegerane/rettighetshavarar og kommunen. Difor ynskjer kommunen å fortsette med ein årleg «temakveld» der ein både kan få noko fagleg innhald, og der det  blir høve til å kome med innspel og kommentarar. Årets jaktkvotar kjem i løpet av juni. Kommunen takkar alle som tok turen denne kvelden, og ikkje minst foredragshaldar Erling Meisingset frå NIBIO.