Tokke kommune har vore heldige og fått eksterne midlar frå Bufdir til å skipe ferieaktivitetar for ungdom gjennom stønadsordninga «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge». Dette gjev oss høve til å kunne tilby Tokkeungdommen eit aktivitetstilbod i ferien, sjølv om kommunen har vanskelege økonomiske tider.

 

Fyrste aktivitet som vert gjennomført er tur til «Høyt og Lavt» i Bø, tirsdag 6. oktober i haustferien.

Dersom du går i 8. klasse eller er eldre(opp til 18 år) og er busett i Tokke kan du delta. Aktivitetane er gratis. Det er framleis plassar att.

Klikk på linken under for meir info og påmeldingsskjema.

https://www.tokke.kommune.no/ferieaktivitet-for-ungdom.536754.nn.html