Framdrift

10. mars: Det blir opna for registrering av stillingar på www.vest-telemark.no
1. april: Siste dag for registrering av stillingar
3. april: Stillingsslepp – alle dei registrerte stillingane blir publisert

Kva for stillingar?

Alle!

Det kan vere alt frå heile, faste stillingar til vikariat og sesongbaserte jobbar. Og kanskje har du ikkje ei konkret stilling, men du har arbeid dersom riktig person søker? Flott!
Det vil alltid vere slik at tidspunktet for eit slikt slepp er for seint eller for tidleg for nokre bransjer. Difor satsar vi på å køyre eit slikt slepp 2-3 gonger årleg slik at vi fangar opp flest mogleg. Og det beste av alt: det kostar ingenting å bli med på dette.

Kvifor stillingsslepp?

Dette er ein god måte å profilere Vest-Telemark på. Vi ynskjer at fleire skal finne draumejobben i Vest-Telemark. Ved å sleppe fleire stillingar samla, synleggjer vi den breidda som finst i arbeidsmarknaden i regionen vår. Eit anna viktig mål er å nå folk i etableringsfasa – her er jobb til begge!
Sidan dette sleppet blir rett før påske, blir konseptet no:

Finn draumejobben i Vest-Telemark i påska

Praktisk

I perioden fram til 10. mars er det viktigaste at verksemdene førebur seg på stillingssleppet. Verksemdene bør kartleggje kva stillingar som kan vere aktuelle å ta med, og starte arbeidet med å førebu tekst til sjølve stillingsutlysinga. Det vil bli laga eit skriv med tips og råd om kva ein må hugse på når ein skal lyse ut stillingar og tilsette nye folk.

I perioden frå 10.mars til 1. april er det registrering av stillingar som er viktig. Sjølve nettsida for registrering vil vere enkel og praktisk, med vanlig info knytt til type stilling, tittel, arbeidsstad, stillingstekst og kvalifikasjonar. Alle som legg inn stillingar vil ha tilgong til å redigere informasjonen. Vest-Telemarkrådet vil kvalitetssikre alt før publisering.

Frå 3. april er det marknadsføring av alle stillingane som er i fokus. Det vil bli målretta marknadsføring på nett og i sosiale medier.

Vi håpar at mange ser potensialet i å marknadsføre ledige stillingar i regionen på denne måten.

Har du spørsmål eller lurar på noko, ikkje nøl med å ta kontakt med utviklingsleiar Johannes Rindal i Vest-Telemarkrådet på  mob.  414 40 928 / jr@vt-radet.no