Arbeidet er nyleg starta, og planen skal gi føringar for korleis arbeidet med næringsutvikling skal vere framover, og korleis kommunen kan bidra til å skape attraktivitet og vekst.

Designkontoret Travers skal bistå kommunen i prosessen, og vil i løpet av dei neste vekene gjennomføre ulike aktivitetar for å samle innspel frå næringslivet. Gjennom heile prosessen kan du gi dine innspel om framtidas næringsutvikling i Tokke på Næringsplan for Tokke - Innspill

Onsdag 8. februar kl. 18.00 - 19.30 blir det ope, digital arbeidsverkstad for å gå gjennom behov, utfordringar og innspel.

 

Vi vil gjerne få meir kunnskap om:

  • Korleis er det å drive næring i Tokke i dag?
  • Korleis kan vi skape attraktivitet og vekst for næringslivet i Tokke?
  • Kva skal til for å skape meir næringsaktivitet i sentrum?                                                                                                     qr kode.jpg

 

Næringsplan 2016 - 2020

Saksframlegg - Revidering av næringsplan 2023 - 2026