Arbeidet med å bygge ny Ravnejuvsving er godt i gang. Dessverre er kvaliteten i fjellet dårligare enn anteke, derfor vil vi ikkje klare å opne for å slippe igjennom trafikk slik som tidligare annonsera.  

Før påske annonserte fylkeskommunen at me skulle klare å opne vegen ein time morgon og kveld, det er dessverre ikkje mogleg førebels. Etter at arbeidet har komme i gang viser det seg at fjellet er mykje meir ustabilt enn først anteke. - Entreprenøren klarer ikkje å sikre fjellet kvar dag slik at det blir trygt nok til at trafikk kan passere. Derfor må me dessverre halde heilt stengt i mai, opplyser byggjeleiar Morten Øverbø i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Det omfattande arbeidet er i eit terreng som er svært bratt, i tillegg er det trongt. No når sprenginga har byrja, vil skjeringa bli opp til 14 meter høg. Fordi fjellet er av dårlegare kvalitet enn først anteke, er det stor fare for at steinar fell ned i vegen. Fram til fjellet er tilstrekkeleg sikra vil risikoen for ras vere for stort til at trafikken kan sleppast forbi. - I sommar skal vegen vere open i heile juli før me gyv laus igjen i august. Entreprenøren skal vere ferdig med heile arbeidet i november, kunngjer byggjeleiar Morten Øverbø. Før trafikken blir sett på igjen, skal fjellet vere sikra med lange boltar.

Vegen vil òg vere stengd for så vel syklistar som gåande.

Eidsborgberget er veldig bratt der vegen er laga til, det gjer arbeidet ekstra utfordrande. Løysinga som er vald blir å sprengje seg inn i fjellet både før og etter dagens sving slik at det blir ein heilt ny sving lengre inn i fjellet. Til erstatning for den gamle muren vil det no bli støypt ein knapt fem meter høg mur i betong. Muren vil bli plassert på ei vassrett betongplate som festes med kraftige boltar til fjellet.

wfXhJ 3QPYiMBsAAAAASUVORK 5CYII=