Fysioterapi er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar kan både førebyggje og behandle sjukdom eller skade, og arbeider med funksjon og rørsle for å redusere kroppslege plager og fremje helse.

Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod. Fysioterapeuten er anten tilsett av kommunen eller har ein driftsavtale med kommunen. Hovudregelen er at du oppsøker fysioterapeut med driftsavtale dersom du sjølv kan møte opp på instituttet. Viss du av helsemessige årsaker ikkje har moglegheit til det, kan du ta kontakt med kommunal fysioterapeut som driv oppfylging både i barnehage/skule, på sjukeheimen og i private heimar.

Fysioterapitenesta gjer ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. Du kan ta kontakt sjølv, og treng ikkje tilvising frå lege eller anna helsepersonell.

Eigenandel og frikort:

  • Frå 1. januar 2021 er det berre ei frikortordning i Noreg som gjeld alle helsetenestar som inngår i frikortordninga.
  • Eigenandelen fylgjer den nasjonale takstplakaten som oppdaterast etter nasjonale forhandlingar.
  • For 2024 er eigenandelstaket 3165 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort som ligg digitalt på helsenorge.no.
  • Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.
     

Unnateke eigenandel:

Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut.

  • Dette gjeld born under 16 år.
  • Personar med godkjend yrkesskade (gjeld også soldatar i fyrstegongstenesta i Forsvaret).
  • Pasientar på institusjon (helsesenteret) betalar ikkje eigenandel då dei får tenestar frå kommunal fysioterapi som ein del av vedtaket. Dette gjelder ikkje pasientar som bur på omsorgssenteret og i omsorgsbustader.
  • I tillegg er det vedteke i kommunal fysioterapiteneste at pasientar som er under oppfølging av psykisk helse og rus, som har behandling hos kommunal fysioterapeut som ein del av behandlinga frå psykisk helse, er unntatt eigenandelen.
  • Frisklivstilbodene 60+ styrketrening, sirkeltrening, 12 veker reseptgruppe og individuell oppfølging er også unntatt eigenandelen.

Meir informasjon om gjeldande eigenandel og frikort finn du her: https://www.helsenorge.no/betaling-for-helsetjenester/betaling-hos-fysioterapeut

 

Kommunal fysioterapi

Besøksadresse: Revahaugvegen 4, 3880 Dalen

Fysioterapeutane i kommunen arbeider også på Frisklivssentralen og med kvardagsmeistring som er eit rehabiliteringstilbod for heimebuande.

Tokke fysioterapi og trening (Fysikalsk institutt med driftsavtale)

Besøksadresse: Storvegen 288, 3880 Dalen

I Tokke kommune er det to privatpraktiserande fysioterapeutar. Fysioterapeutane har ei prioriteringsliste som dei følgjer, og det kan difor vere ventetid.