Til orientering er det gjort ei oppgradering til Led armatur langs Fv37 og Fv450 av VTFK (ca 98 armaturer), som ein del av eit større anbuds prosjekt utlyst av fylkeskommunen til oppgradering av vegstrekningar i regionen.

Dette vil gje Dalen eit moderne armaturoppsett og ein heilhetleg lysopplevelse frå Gullkopp til Lastein brygge etter dagens standard.

I samband med oppgraderinga blei det avdekka ein teknisk komplikasjon med dagens tennskap ved fv 450 Elvarheim som styrer anlegget, til og med avkjørsela ved sentrumsbygget/ kommunehuset.

Mesta elektro som sit på det generelle driftsansvaret,har fått oppdraget med å løyse dette og har pr.d.d gjort dei tiltak som kan gjerast for å driftsette det som kan driftast med dagens løysing. Montørane fekk splitta anlegget og lyssatt G/S vegen mellom Elvarheim og intensivbelysning der fotgjengerovergangen ved helsesenteret kryssar, som strakstiltak for trafikksikkerheten av mjuke trafikantar.

Det er innhenta nye beregningar for anlegget og hastebestilt komponentane som må byttast for å imøtekomme Ledbelysninga. Utstyret er venta inn tirsdag 2 november, og det blir iverksett ombygging omgående.

Vi forstår ulempen dette medfører og ber om forståelse for utfordringa som har oppstått. Så håpar me det nye anlegget blir tatt godt imot når dette igjen er i drift som normalt iløpet av veke 44.