​Tokke kommune har eit overordna mål om å bidra til utvikling av eit framtidsretta næringsliv som kan gi grunnlag for befolkningsvekst og levedyktige lokalsamfunn.
Ein ynskjer å styrke omdømme som næringskommune og vil aktivt profilere næringslivet i kommunen, mellom anna ved å lyfte fram eldsjeler, sjå potensiale i nye initiativ og satsingar.

I formannskapet 23.10.19  blei det i sak 19/57  vedteke å dele ut ein Gründerpris. Ein slik pris kan vere til inspirasjon for dei som får den, og for andre som ynskjer å skape næringsverksemd og arbeidsplassar. Det kan og skape blest kring næringssatsinga i Tokke kommune.

Vedtak med kriteriar

  • Gründerprisen vert delt ut til personar eller verksemder som er registrert i Tokke kommune og er etablert i løpet av dei 3 siste år.
  • Kandidaten må ha merkt seg særleg ut når det gjeld nyskaping og pågangsmot, og satsinga må ha ført til etablering av nye arbeidsplassar i kommunen.
  • Prisen delast ut årleg, dersom det er verdige kandidatar.
  • Det vert lyst ut etter kandidatar i VTB, på kommunal heimeside samt delingar på sosiale media.
  • Det vert opplyst om kven som kan vere kandidat, kriteria for tildeling av pris, tidsfrist for å kome med forslag og informasjon om korleis kandidat vert valt.
  • Formannskapet får oversikt over kandidatar, og avgjer kven som skal tildelast prisen.

Forslag til kandidatar sendast: postmottak@tokke.kommune innan 20. November.