Nå på våren smeltar det fram mykje søppel langs vegar og stiar. 

Kanallotteriet har eksistert i nokre år. Tokke kommune ynskjer også i år å stimulere til ytterlegare innsamling av eigarlaust søppel. Ynskjer du å halde Tokke reint og samtidig vere med i trekning om gåvekort på 1000,- kroner?

Utanfor kommuneverkstaden på Tokkestad står det ei kvit infotavle med søppelsekkar i. Hent ein søppelsekk, fyll den med eigarlaust søppel, fest lodd på sekken etter instruksen på infotavla og putt eine delen av loddet i kassa på infotavla. Legg sekken i containeren. Då er du med i trekninga om å vinne gåvekort i Tokke kommune. Du er også med i den større trekninga til kanallotteriet seinare i år.

Kommunen har trekning 1. juni, 10. juli og 15 september.

Kontaktperson: 
Per Wraa
Skog- og utmarksrådgjevar
Tlf 350 75 244