Ungdommens distriktspanel har levert ein rapport med 10 råd til kommunane om ulike tema som skal føre til at fleire ungdommar finn det attraktivt å bu, arbeide og møtast i distrikta. Rapporten inneheld svært omfattande råd - frå tryggleik, miljø, utdanning og arbeidsplassar – til møteplassar, bustad, krav om økonomiske verkemiddel og rett til medverknad. 

Tokke kommune har no utarbeida ein handlingsplan for oppfølging av desse råda, og dokument vert lagt ut på høyring med høve til å gi innspel til planen. Planen skal handsamast politisk i november 2023 

Høyringsfrist 29. oktober 2023.

Innspel sendast til  nærings- og samfunnsutviklar Åse Ingebjørg Flateland, epost: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no 

 

Ung i Tokke - Handlingsplan 2023 - 2034

Rapport - Ungdommens distriktspanel