Frå og med måndag 27.04 blir det igjen mogleg å låne fysisk materiale som bøker og
film. Dette gjeld både hovudbiblioteket på Dalen og filialen i Høydalsmo.
Inntil vidare må biblioteket som opphaldsrom og møteplass halde stengt.

Korleis låne?

  • Ta kontakt på e-post biblioteket@tokke.kommune.no eller på telefon 35 07 56 66 for å bestille det du vil låne. Eller logg deg inn med lånarnummer og PIN-kode, søk og bestill direkte i bokbasen.
  • Bestill innan kl 12 viss du vil hente same dag. Du får tilbakemelding frå oss med tidsrom for henting. Henting i Høydalsmo skjer mellom kl 16-19 på tysdagar.
  • Bibliotekpersonalet passar på at det ikkje kjem for mange samstundes og vil minne om at generelle avstandsreglar må fylgjast. Hent inne ved skranke på Kulturhuset, men ver venleg å ikkje bruke toalett eller røre ved mange flater (vil krevje auka reinhald). I Høydalsmo ligg biblioteket inne i skulebygningen, det gjer at ein må vere ekstra forsiktig. Bøker og anna materiale vil bli levert på utsida.
  • Materialet skal returnerast i kasse utanfor Kulturhuset, i dørluke i Høydalsmo.

Det er ikkje opna for fjernlån enno. Dette er avhengig av at transportordning kjem i gang. Utlån er så langt avgrensa til det me har i eigen samling. Lånarar i Høydalsmo kan bestille frå hovudbiblioteket, men innan kl 12 måndag, om dei skal hente tysdag.

Generelt om smittevern: FHI meiner at risiko for indirekte smitte frå bøker er låg, men det er mogleg for virus å overleve på ulike typer materiale i timer, kanskje dagar. Bibliotekpersonalet brukar hanskar ved handtering av utlån. Utstyr som er i kontakt med materialet vert tørka av før kvar bruk. Ved retur står materialet i karantene i fire dagar, før det vert sett på plass eller lånt ut på nytt.