Hushalds-/emballasjeplast

Vi har fått spørsmål om kvifor vi nå ber abonnentane om å leggje hushaldsplasten i plastposar, som knytast godt for, før dei blir lagt i den nye avfallsdunken med lysegrått lok.

Mange abonnentar meiner dette er lite miljøvenleg og at Renovest arbeider mot det verksemda står for, nemleg MILJØVERN I PRAKSIS.

 

Renovest IKS ynskjer å stimulere innbyggjarane til betre kjeldesortering.

Derfor køyrer vi i desse dagar ut dunkar til plast og glas-/metallemballasje.

I første omgang gjeld dette alle abonnentar som ikkje er knytt til eit samlepunkt. Dunkar til samle-punkt vil koma i løpet av våren dersom alt går etter planen med leveransen.

 

Renovest IKS har bl.a. desse hovudmåla:

  • Betre kjeldesortering av avfallet, med fokus på innsamling av plast som går til materialattvinning.
  • Hindre at avfall kjem på avvege, og då spesielt plast grunna lang nedbrytingstid som fører til langvarig forsøpling av vassdrag og natur.

 

Dersom abonnentane skal legge hushaldsplasten direkte i avfallsdunken vil Renovest vera ein bidragsytar til plast på avvege. Vi kan liste opp fleire kritiske punkt.

  • Usikra dunkar som frå tid til anna veltar ved sterk vind, dette vil føre til plast på avvege.
  • Ved sjølve tømeprosessen av dunken i komprimatorbilen, her kan plastbitar fyke av stad med vinden, dette vil føre til plast på avvege.
  •  Plast som blir liggjande att i kupa på komprimatorbilen vil sannsynleg under transport fyke av garde, dette vil føre til plast på avvege.

 

Ein skal vera merksame på at plast er eit produkt som lett lar seg føre med vinden.

 

Alle forskningsrapportar vi har kome over syner at miljørekneskapet ved produksjon av plastposar er betre enn både handlenett og bæreposar av papir alt. bomull.

Det som derimot talar for ikkje å bruke plastposar er forsøplingsproblemet som oppstår ved at plastposar havnar på avvege, dette er Naturvernforbundets hovudgrunngjeving  for at papirposar er betre enn plast.

Kjelde: Leder Silje Ask Lundberg i Naturvernforbundet sitt tilsvar til www.Faktisk.no

 

Så derfor ber vi dykk abonnentar om å legge hushaldsplasten i plastpose, som knytast GODT for før den blir lagt i den nye avfallsdunken med lyse grått lok.

 

Vi ynskjer engasjerte innbyggarar og ber dykk ta kontakt dersom de har spørsmål. Vi sit ofte på faktaopplsyningar, som vi som eit Interkommunalt selskap må halde oss