I oppstart av nytt barnehage –/skuleår er Tokke på grønt nivå. På grønt nivå har me framleis fokus på:

  • God handhygiene.
  • Borna skal  vere heime ved sjukdom. Sjå flytskjema.
  • Redusert nærkontakt der det er mogleg.

Ved eventuelt smitteutbrot i skule og barnehage, er det frå 16. august 2021 unntak for smittekarantene for alle born og unge under 18 år, dersom ein gjennomfører eit testregime. Unntaket frå smittekarantene ved testing gjeld generelt, både i skuletida/barnehagetida og på fritida.

Unntaket gjeld kun dei borna eller ungdommane som ein vurderar som "øvrige nærkontaktar" og ikkje husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære kontaktar til den smitta. For husstandsmedlemmar eller tilsvarande nære kontaktar gjelder dei vanlege reglane om smittekarantene. Det vil vere smittesporingsteamet i kommunen som gjer ein konkret vurdering av kva for kategori ditt born eller ungdom tilhøyrer.

Dersom det oppstår eit smittetilfelle der ditt born/ungdom blir definert som «øvrig nærkontakt»   (t.d barnehageborn på same avdeling eller elev i same klasse) , vil borna ved deltaking i eit testregime kunne «teste seg ut av karantene». Testinga vil primært foregå heime i form av sjølvtesting, ved bruk av hurtigtest, der føresette hjelper borna. Dei eldste elevane vil klare mykje sjølv, med rettleiing frå føresette.  Hurtigtesten skal gjennomførast på dag 1, 3 og 5 etter eksponering for ungdomsskuleelevane (3 gonger).  For born under 12 år (7. klasse og nedover) skal dei testast på dag 1 og 3 – 5 (2 gonger).

Det vil vere rettleiing i konvolutten saman med hurtigtesten. Hurtigtestane kan dykk hente på:

  • Åheim bufellesskap (frå kl 15.30 og utover). Tlf. 35075522/97109001/92236442. Besøksadresse: Ivirovegen, Dalen.
  • Legevakta i Tokke/Vinje (frå kl. 15.30 til 22.00) Tlf 35 06 25 55 Besøksadresse: 1. etasje Vinje Helsesenter i Åmot, Vinjevegen 212.
  • Tokke legekontor  mån. til fred. (frå kl. 08.00 til 15.30) Tlf. 35075560  Besøksadresse: Revahaugvegen 4, Dalen. (dersom bornet/eleven ikkje er i barnehagen/skulen den aktuelle dagen ein får kjennskap til smitte)
  • Dykk må ringe på førehand før de hentar. Det er berre ved utbrot at ein nyttar hurtigtestane. Ved sjukdom og symptom på smitte, må ein bestille PCR koronatest på Tokke legekontor på telefon        35 07 55 60 i tida mellom 08.00 og 15.30. Testinga går føre seg mån. – tors. kl. 13.30, og fredag kl. 10.30. Meir informasjon finn du på heimesida til Tokke legekontor.

    Syner også til demonstrasjon av sjølvtest på: https://youtu.be/LDusIOf3Zo0

    Ved positivt testresultat må dykk snarast kontakte Smittesporingsteamet på telefon 90 36 61 17.  Bornet må i isolasjon.

    Dersom negativt svar kan bornet/eleven kome attende til barnehagen/skulen som normalt fram til neste testing.

    Dersom ein får tilbakemelding om smittetilfelle medan born/ungdom er i barnehage/skule, vil ein gjennomføre fyrste testing i barnehagen/på skulen. Dei eldste elevane vil klare å gjennomføre testinga sjølv, med rettleiing frå dei vaksne. Dei yngste vil få hjelp til testinga. Tokke legekontor kan bistå for testing av dei yngste borna, saman med dei tilsette. Føresette vil bli informert. Dei resterande testane tek bornet/ungdommen heime, med hjelp frå føresette. Bornet/ungdommen får testar med seg heim frå barnehagen/skulen.

    For å gjennomføre testing av born/ungdom i barnehage-/skuletida, vil føresette få ei liste heim der de kryssar av for godkjenning/ikkje godkjenning. Dersom  føresette ikkje ynskjer deira born/ungdom skal inngå i eit testregime, vil bornet/ungdommen omfattast av dei vanlege reglane om plikt til smittekarantene.

    Flytskjema på symptom og testing av barn i barnehage- eller skule