Kommunestyret vedtok 10.05.2022 at den kommunale fysioterapitenesta kan f.o.m 01.06.2022 ta eigenandel og krevje refusjon frå Helfo ved behandling av heimebuande pasientar. Dette gjelde både ved individuell eller gruppebasert behandling. Vedtaket gjeld følgande pasientgrupper:

  • Oppfølging av heimebuande etter korttidsopphald og sjukehusopphald.
  • Treningsperiodar av heimebuande og eldre som bur på omsorgssenteret og i omsorgsbustader (definert som heimebuande).
  • Individuell behandling av pasientar over 16 år.
  • Gruppebehandling, f.eks. bassenggruppetrening, Aktiv A mm.
  • Andre tilstandar som blir tilvist som det er naturleg at dei kommunale fysioterapeutar følger opp.
     

Eigenandel og frikort:

  • Eigenandelen fylgjer den nasjonale takstplakaten som oppdaterast etter nasjonale forhandlingar. Informasjon om eigenandelane er tilgjengeleg på dei kommunale fysioterapisidene og i behandlingslokala til fysioterapitenesta.
  • Frå 1. januar 2021 er det kun ei frikortordning i Noreg som gjeld alle helsetenestar som inngår i frikortordninga. For 2022 er eigenandelstaket 2921 kroner. Når det beløpet er nådd, får du automatisk eit frikort som ligg digitalt på helsenorge.no.
  • Logg inn på helsenorge.no for å sjå eigenandelane som er registrerte på deg.
     

Unntatt eigenandel:

Nokre grupper betalar ikkje eigenandel for undersøking og behandling av fysioterapeut.

  • Dette gjelder born under 16 år.
  • Personar med godkjent yrkesskade (gjeld også soldatar i fyrstegongstenesta i Forsvaret).
  • I tillegg har kommunen vedteke at pasientar som er under oppfølging av psykisk helse og rus, som har behandling hos fysioterapeut som ein del av behandlinga frå psykisk helse, er og unntatt eigenandelen.
  • Frisklivstilbodene 60+ og 40+ styrketrening, sirkeltrening, 12 veker reseptgruppe og individuell oppfølging er også unntatt eigenandel