Vi tek opp att suksessen frå i fjor og vidarefører ordninga med kanallotteriet. Ynskjer du å halde Tokke reint og samtidig vere med i trekning om gåvekort på 1000,- kroner?

Utanfor kommuneverkstaden på Tokkestad står det ei kvit infotavle med søppelsekkar i. Hent ein søppelsekk, fyll den med eigarlaust søppel, fest lodd på sekken etter instruksen på infotavla og putt eine delen av loddet i kassa på infotavla. Legg sekken i containeren. Då er du med i trekninga om å vinne gåvekort i Tokke kommune. Du er også med i den større trekninga til kanallotteriet seinare i år.

Kommunen har trekning 18. mai, 18. juli og 19. september.

Kontaktperson:
Per Wraa
Skog- og utmarksrådgjevar
Tlf 47 60 79 79