Tokke kommune fylgjer dei nasjonale forskrifter og råd som gjeld, dvs:

1. Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften).

Denne forskrifta regulerer kva som er lov eller ikkje. Forskrifta finn du her:

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-27-470

Viktige føresegner i denne forskrifta som gjeld også for jole- og nyttårsfeiringa er mellom anna:
- innreisekarantene i 10 dagar for alle som kjem heim til jol frå utlandet. Studentar kan som hovudregel vere i karantene i foreldreheimen.
- forbod mot samankomster (festar) og arrangement. I private heimar kan inntil 20 personar samlast om det er plass nok til at personar som ikkje høyrer til same husstand kan halde minst 1 meters avstand.
- på offentlege arrangement gjeld maks 50 personar – eller inntil 200 om arrangementet er utomhus eller lokalet har faste sete. Det må likevel vere plass til å halde 1 meters avstand og deltakarane må ikkje ha influensasymptom.

Brot på denne forskrifta kan føre til bot.

 

 2. Nasjonale råd

Dei råd styresmaktene gjev bør me fylgje, men misshald er ikkje eit brot på norsk lov. Dei viktigaste råd som gjeld no framover er:
- personar som kjem frå eit område av landet med høgt smitteperess (t.d. Oslo) bør halde minimum 2 meters avstand i 10 dagar, særleg til personar i risikogruppene.
- det bør ikkje vere fleire enn 5 personar utanfor husstanden på besøk samstundes. Om alle gjestene høyrer til same husstand kan det vere fleire.
To kveldar (dagar) kan det vere 10 personar i tillegg til eigen husstand i samband med jole- og nyttårsfeiring.

Sjå elles: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ma-ha-smitteverntiltak-ogsa-i-julen/id2788526/ og https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/julerad/id2788500/

 

3. Lokalt i Tokke oppmodar kommunen alle om å fylgje dei generelle smittevernsråda som gjeld:

- god handhygiene – vask hendene ofte
- hald avstand – minimum 1 meter
- bruk munnbind i butikkane og der det er trengsle – gjeld til og med joleftan.
- avgrens sosial kontakt og reising
- handle mest mogleg lokalt eller på nett
- hald deg heime (isolert) om du har influensasymptom – tak evt ein covid-19 test.

 

4. Kommunen og nasjonale styresmakter råder likevel til noko sosial kontakt – fordi dei fleste treng det for den generelle helsetilstanden.
Bruk telefon og andre digitale verkty for å halde kontakt med den større omgangskrins, og ha vanleg omgang med dine næraste – men tak omsyn til smittevernet.
Veit du om nokon som er einsame så tenkt særleg på dei.