No er det ingen særskilte smittevernreglar eller tiltak for covid -19, men det er likevel ikkje ynskjeleg med spreiing av covid-19 i tillegg til influensaviruset som er undervegs. Råda for å redusere smittespreiing av covid-19 er dei same som mot andre luftvegsinfeksjonar:

  • hald avstand til sjuke personar, 
  • hoste- og nysehygiene og handvask (eingongs papirhandklede, ev hoste i albogen)
  • om du sjølv har symptom så hald deg heime til du er frisk, og særleg unngå kontakt med familiar med nyfødde eller speborn, samt personar som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke av luftvegsinfeksjonar.  

Diagnostikk/ testing skjer no etter konsultasjon og vurdering av lege. Det er særleg aktuelt viss rett diagnose er viktig for behandlingstiltak. Det finnst framleis nokre hurtig/sjølvtestar ute i butikkane på Åmdal Verk og Joker/Høydalsmo, men det vert ikkje levert ut fleire testar når desse er bruka opp.

Kommunen har eit beredskapslager av hurtigtestar i tilfelle det på nytt kjem råd frå Folkehelseinstituttet om sjølvtesting.