Nasjonale styresmakter tilrår alle å unngå unødvendige fritidsreiser, og dette gjeld også for Tokke. Om det visar seg at folk i liten grad tek omsyn til dei nasjonale råda, vil kommunen måtte vurdere å stenge campingplassar og andre overnattingsplassar - om nødvendig på kort varsel. Tokke kommune ber difor slike verksemder å opplyse om dei nasjonale råda i si marknadsføring, men verksemder som vel å halde ope skal ikkje kontrollere om turistar har gyldig grunn for å reise.

Det skal heller ikkje vere meir enn 5 personar samla i gruppe, og ein må halde fysisk avstand på minst 2 meter. Dette gjeld ikkje for personar som lever saman til vanleg. Ein skal også fylgje dei generelle hygieneråd og andre krav som fylgjer av nasjonale styresmakter sine nettsider.

Tokke kommune ber difor om at verksemder som opnar for turistar gjer fylgjande:

  • formidlar informasjon om at nasjonale styresmakter tilrår å unngå fritidsreiser. Dette bør koma klart fram i marknadsføringa så lenge dette rådet er gjeldande.
  • held felles sanitæranlegg, kjøkken og opphaldsrom stengde. Andre fellestilbod eller lokaler der det er vanskeleg å halde avstand til kvarandre bør også stenge. Det må vere tydeleg informasjon til publikum om å halde avstand og unngå kontakt med andre.
  • Overnatting på campingplassar må bare skje i hytter, campingvogner, bubilar og tilsvarande einingar som har eige toalett og kjøkken, slik at alle kan halde seg for seg sjølve og ivareta generelle hygieneråd.

Sjå også NHO sine tips:

https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/koronavirus/nyhet/2020/smittervernregler-i-reiselivet/?fbclid=IwAR0VH4u4CvpywOCTgXIMH555cS6oTRiL1drymXLQcX_6iwnLZjWM9i_Dttc#hvormangekansamlet