Me har stor forståing for at folk er trøytte av koronarestriksjonar og råd frå styresmaktene i høve til det. I Tokke har folk vore flinke til å fylgje opp smittevernstiltaka, og me har difor unngått lokale smitteutbrot - og det er ingen lokal smitte i Tokke per i dag.
Noreg har i denne og neste veke haustferie, og smittesituasjonen nasjonalt er uoversiktleg. I haustferien kjem det inn folk frå andre delar av landet, og kriseleiinga vil difor minne om at smittevernreglane må fylgjast også ved private arrangement: dvs inntil 20 deltakarar, 1 meters avstand - og viktigast av alt: at ingen sjuke med luftvegssymptom deltek. Turistar oppmodast til å respektere reglane i butikkar og serveringsstader, og ha færrast mogleg nærkontaktar i Tokke.

 

Situasjonen i landet tilseier at me ikkje kan slappe av på reglane enno, og me oppmodar difor folk om å halde fram med ei god, førebyggande åtferd som reduserar risikoen for smittespreiing.

 

God hausteferie!