Kast mektig magi, ver leiar for ein armé av eventyrlege vesen og vinn over dine motspelarar i kortspelet Magic: The Gathering! 

 

Biblioteket stiller med alt det du treng for å kjempe din første heroiske kamp på slagmarken. Erfarne spelarar kjem til å vere til stades for opplæring og hjelp. Kort og reglar er på engelsk, så grunnleggande engelskkunnskapar er nødvendig for å spele. Me gleder oss til å utvide Magic-miljøet i Vest-Telemark!

 

Me er allereie ein gjeng på 10+ som spelar på Dalen regelmessig, så det er også moglegheit for å spele utanom dei oppsatte spelkveldane. Her spelar me oftast Commander-formatet. Me siktar mot å ha faste Magic: The Gathering ettermiddagar/kveldar på kulturhuset etter kick-off.

 

Viss du har spørsmål rundt Magic: The Gathering eller vil spele med oss utanom dei oppsatte kveldane kan du ta kontakt med Tom Erik Homme (95853304) eller Frans van Dinther (93699112)

Lær meir om Magic: The Gathering her:
What is Magic: The Gathering? https://www.youtube.com/watch?v=w0lMcAdXopg - engelsk
How to play Magic: The Gathering? https://www.youtube.com/watch?v=RZyXU1L3JXk - engelsk