• Hald avstand til dyra og gå utanom flokken. Det betyr ikkje at du ikkje kan ferdast på beitet, bare at du bør halde god avstand. Dersom du tar deg fram på sykkel, så hugs at rundt neste sving kan det ligge ein flokk med kyr. Ver merksam, slik at du ikkje køyrer inn i dei.
  • Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skape uønska situasjonar. Nokon ting kan verke skremmande på dyra, for eksempel barnevogner, paraplyar og menneske med høglytt atferd. Det er viktig at dei som bevegar seg i område med beitedyr er klar over dette og tar hensyn.
  • Ikkje gå bort til kalven. kua kan gå til angrep for å beskytte den. Som sagt, kyr er som dei fleste andre mødre opptatt av å beskytte kalven mot farer.
  • Hundar bør ikkje tas med til beitedyr. Ein hund vil verke trugande for dei fleste husdyr. Hugs båndtvangen frå 1. april til 20. august. Du bør kun sleppe hunden dersom det oppstår ein naudsituasjon. Kua vil då springe etter hunden, og det er oftast enklare for hunden å springe vekk frå kua enn for deg.
  • Kyr er nyskjerrige. Hvis kuflokken blir pågåande, legg ned det du har i hendane og trekk deg unna. Kyr kan vere nyskjerrige på utstyr og mat du har med deg. Du kan hente igjen utstyret etter at kyrne har gått. Litt lengre ut på sumaren kan for eksempel bærplukkerar med bøtter vere forlokkande på beitedyra, dette fordi dei ofte er vant til å få noko godt av husdyreigaren frå ei bøtte.
  • Dersom du opnar ei grind, lukk den igjen også! Opne grindar gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vere, og som kan vere farlege for dei og andre.

Vis kuvett, god sumar!

Reglane er utvikla av Norsk Friluftsliv, Tine, TYR, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og GENO