Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kva gjer du no om du blir smitta?

Publisert , Oppdatert 25. november 2021
Hygieneplakat nynorsk

Hygieneplakat nynorsk

Det er no høg smittespreiing fleire stader i landet, og det er framleis viktig å fylgje dei grunnleggande smittevernsråda, og gjerne halde deg unna område med høgt smittepress.
Tokke kommune har per 24.11.21 ingen smitta i kommunen, og 85,7% av innbyggarane har fått 2 dosar med vaksine.

Om du får symptom på luftvegsinfeksjon er det framleis viktig å teste seg, og all  testing blir no gjort med heimetest (hurtigtest).
Du kan hente heimetestar på legekontoret på Dalen  i opningstida, og på ettermiddag/kveld på Åheim bufellesskap og legevakta i Åmot før klokka 2130.

Rettleiing for korleis du gjennomfører sjølvtesten fylgjer med i testpakka. Ved positiv heimetest skal du unngå kontakt med andre så langt du kan, og ta kontakt med legekontoret for å verifisere/kvalitetssikre resultatet med ein vanleg PCR-test.

Sjå også her:

 https://www.fhi.no/contentassets/4cb277e2efeb473e9f4bb1e22d801ce2/2021-11-22-nynorsk-hvis-du-har-tatt-koronatest.pdf

 

 

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker