Tokke leverer straum til innbyggarane i kommunen via VTK.

I 2019 var straumprisen i Tokke i snitt om lag 4,5 øre/kWh lågare enn marknadsprisen.

Tokke kommune har ei særavtale med Statkraft på levering av konsesjonskraft frå Tokke kraftverk. Kommunen kjøpte inn 50 millionar kWh (50 GWh) til ein pris på om lag 10,1 øre/kWh inklusive nettariffar (innmatingskostnadar til Statnett) i 2019.

Tokke kommunestyre vedtok så i budsjettet for 2019 å selje denne straumen vidare til innbyggarane til marknadspris, men med 36 øre som tak på straumprisen - eit såkalla pristak. Gjennomsnittleg straumpris i Tokke vart om lag 35 øre/kWh då marknadsprisen i månadane juni-sept låg under pristaket. På landsbasis vart snittprisen om lag 38,6 øre/kWh. Inklusive mva vart då skilnaden om lag 4,5 øre/kWh, og eit vanleg hushald med 20 000 kWh i forbruk sparte då om lag 900 kr på ordninga med pristak. I alt sparte abonnentane i Tokke om lag 2,3 mill kr - og kommunekassa fekk om lag 1,85 mill kr i mindreinntekt samanlikna med om straumen hadde vore selt til marknadspris. Staten fekk om lag kr 450 000,- mindre i inntekt frå meirverdiavgift.

Alt i alt vart 2019 eit godt år for Tokke kommune frå sal av konsesjonskraft med om lag 16,4 mill kr i netto inntekt - det beste resultatet nokon sinne.

I 2020 er pristaket auka til 37 øre/kWh.